Sykkelveke på ferie-SFO: – Veldig tøft at politiet kom

Skulen tok ferie 16. juli, men nokre elevar er heldige og får boltre seg på skuleplassen vidare i tre veker på ferie-SFO.

Den fyste veka har elevane hatt sykkelveke. Veka starta med teori der elevane lærte kva dei må hugse på når dei syklar. Vidare øvde dei i ei sykkelløype som SFO-tilsette laga. Øvinga kom godt med då politiet kom på onsdag for å godkjenne sykkelferdigheitene i løypa, melder Rauland skule i ei pressemelding.

Både Theodor Marken-Larsen, Åsta Mosdøl Haugo og Sara Romtveit Måkestad er einige om at sykkelveka har vore veldig morosam.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er gøy å lære noko nytt, seier Åsta.

Sara har lært at ho alltid skal ha på hjelm, og Theodor har lært at ein alltid skal gå av sykkelen når ein skal krysse gangvegen. Åsta legg til at ho ikkje viste at ein skal trille sykkelen på venstre side, og sykle på høgre side av vegen.

– Også var det veldig tøft at politiet kom, seier Theodor.

Sara er einig, og ho var ikkje redd då politiet kom, ho syntest det kun var morosamt.

– Det var veldig bra at politiet sjekka at hjelmen sat riktig på, seier Åsta.

Dei tre elevane synest det beste med sykkelveka er å kunne sykle mykje overalt på skuleplassen. Dei er alle einige om at dei vil sykle meir.