To lastebilar kolliderte front mot front

Naudetatane blei kalla ut til ei trafikkulykke på Borsævegen i Tokke onsdagsmorgonen.

Publisert Sist oppdatert

Det melde politiet klokka 08.14. Det skal vera tre personar involvert i uhellet mellom to lastebilar på Borsævegen (Fv450).

Oppdatert 8.25: Ambulanse på staden. To lastebilar som har frontkollidert. Involverte personar er ute av køyretøy og er vakne/bevisste. Ingen airbagar utløyst. Ikkje farleg gods i bilane. Store materielle skader.

Klokka 9.05 melde politiet at den eine lastebilen truleg har kome over i feil køyrefelt. Det er 80-sone på staden. Ein person er køyrd til sjukehuset Sørlandet med lettare skadar. Dei to andre blir køyrd til legevakta.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS