Vesttele køyrde med rus i natt. Blei til slutt stoppa av politiet
Ein bilførar i 20-åra blei til slutt stoppa av politiet i Høydalsmo like før klokka 5 i dag tidleg.
Det melder politiet på Twitter klokka 06.21. Mannen i 20-åra som er frå Vest-Telemark blir meld for køyring i ruspåverka tilstand, for eige av narkotika, og for ikkje å ha stoppa for politiets kontroll.
Operasjonsleiar Kamilla Aardal ved Sør-Aust politidistrikt seier til VTB at det var tilfeldig at mannen blei oppdaga. Ein politipatrulje på veg til eit anna oppdrag reagerte på køyringa og gjorde eit forsøk på å stanse føraren. Det lukkast ikkje. Dette var klokka 04.00. Politiet fylgde mannen på fleire vegar. Dei var innom både Midt-Telemark, Seljord og Tokke, før mannen til slutt blei stoppa i Høydalsmo klokka 04.55.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP