Storauren: I fjor drog Odd Arne Ravn opp denna ruggen på 9.3 kilo frå Totak. Han deler sine beste fisketips på VTB-TV.

Jakta på storauren

VTB-TV har vore med Odd Arne Ravn, som i fjor fekk ein aure på 9.3 kg i Totak, på fisketur. Der deler han sine beste tips for å lokke storauren opp av vatnet. Sjå om me hadde fiskelykke i videovindauget under.

Om du brukar appen kan du sjå video her.

Odd Arnes tips for aurefiske:

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva brukar du når du fiskar etter aure?

Når eg fiskar frå båt, nyttar eg ein wobbler. Dei kan enten ligge i vassflata eller ligge djupare, dei eg brukar ligg på om lag halvannan til to meters djubde. Når eg fiskar frå land brukar eg sluk.

Kvar på vatnet er det best å fiske?

Ofte kan auren ligge så djupt som 10-15 meter. For å nå ned dit må ein bruke eit lodd. På kvelden, når vatnet blir kjøligare, trekker auren inn mot land, der den beitar på småfisk.

Kva er dei optimale forholda for aurefiske?

Fisket er best på våren, rett etter at isen har gått. Det er også bra på hausten. Det er heilt klart best på kvelden, etter at sola har gått ned. Vêrmessig er det best når det er overskya, helst litt grått og vind frå sør. Når det er sol og klart bit det dårlegare.

Når du dorgar, kva fart ligg du som regel på?

Ganske seint, helst mellom tre og ein halv til fem kilometer om timen. Men auren er rask, og brukar under to sekund på å nå opp i rundt 40 kilometer i timen, så den har ikkje noko problem med å halde fylgje.

Artikkelen held fram under annonsen.