Fjospublikumet under opninga av Dyrsku'n 2024
Åshild Emma Solbjør
Nesten nitti tusen besøkte Dyrsku'n i løpet av helga. Sjå video frå folkefesten her
Dyrskuhelga har vore fylt av maskiner og mat, kultur og opplevingar, firbeinte og tobeinte. Til saman 89 600 av sistnemnde kategori tok turen i løpet av helga.
Arrangørane er strålande fornøgde sundag ettermiddag, for 20 700 var innanfor portane denne gråvêrsdagen. Totalbesøket i helga er dermed berre litt over fem tusen lågare enn rekordåret 2018.
– Ein kjempedyrsku, konstaterer sals- og marknadsleiar Yvonne Eilefstjønn.
I filmen kan du sjå glimt frå folkefesten – og høyre delar av den noko tvilsame Seljordsvisa som Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad framførte på Sterke Nils-tunet laurdag.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP