Jolemat: VTB-TV har besøkt Bodil Nordjore og Aslak Slettemeås, for å lære korleis ein skal førebu både jolemat og -drikke på tradisjonelt vis.

Slik lagar du tradisjonsrik jolemat frå Vest-Telemark

Det kanskje mest særeigne jolemåltidet i Vest-Telemark er fisk, fiskesuppe og kling.

Publisert

Tidlegare i år var VTB-TV hjå kokk og statsbudeie Bodil Nordjore for ei skikkeleg innføring i korleis dette måltidet skal førebuast. Me har også vore i Morgedal, der veteranølbryggjar Aslak Slettemeås viser oss korleis ein kan bryggje seg skikkeleg drikkevarer til måltidet. Sendinga ser du i videovindauget, og under finn du oppskriftene for dei ulike komponentane; suppe, fisk, kling, gomme, haglette og krumkaker.

Fiskesuppe

Heitte opphavleg fiskespa, som den dag i dag finst i Setesdal. Fiskesuppe som jolemat stammar frå då Noreg var katolsk, då ein ikkje skulle eta kjøt før fyrste joledag. Den eldste fiskesuppa ein kjenner til var laga på ei jamning av byggryn og vatn, med ein liten fløyteskvett om ein var heldig. Dagens versjon kjem gjerne med grønsaker, som purre og gulrot, og jamninga er laga med fiskekraft, rjome og mjølk eller fløyte.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS