Elevane hadde laga både magnetar og nøkkelringar for sal på haustkafe en.
Elevane hadde laga både magnetar og nøkkelringar for sal på haustkafe en.

13 398 kroner til TV-aksjonen

Den årvisse haustkafeen til 1. til 4. klasse ved Kviteseid skule blei halde førre veke. I tillegg til loddsal hadde elevane sal av vaflar, saft og kaffi, dei hadde laga syltetøy etter tyttebærturen dei hadde tidlegare i haust og laga mange ulike produkt som familie og vener fekk høve til å kjøpe på kafeen.

Elevane song for dei frammøtte og 4. klasse som har korps i skulen spela fleire songar. Etter at alle pengane var talt opp viste det seg at skuleelevane i Kviteseid kan sende 13 398 kroner til årets TV-aksjon der Unicef har som mål å gje flest mogleg barn i krig og konflikt utdanning og ei framtid.