10 000 ekstra raulendingar i påska
Over 10 000 tilreisande gjer at folketalet i Raulandsområdet blir mangedobla i påskeveka. Spar i sentrum er blant Spar-butikkane i Noreg med aller størst omsetning denne veka. Også andre verksemder merkar godt trykket frå turistane. Om ein samanliknar omsetninga i skisenteret tysdag før påske, og det som er venta skjærtorsdag, er det snakk om ei 300-dobling.
– Det seier seg sjølv at ein ikkje greier å unngå litt kø den dagen då, seier Stein Birger Johnsen.