5 000 kroner til Eldredagen
Eldrerådet i Tokke kommune søkte om 10 000 kroner i tilskot til Eldredagen 2017. Birgit Johanne K. Olsnes (Sp) la i formannskapet fram eit forslag om at kommunestyret løyver 2 000 kroner av kulturmidlane som tilskot til eldrerådet, i samband med arrangement på Eldredagen i år, mens Kjell Magne Grave (A) ville løyve 10 000 kroner. Vedtaket til Olsnes vant med 4 mot 3 røyster. Saka kom opp i kommunestyret same kvelden. Dei fleste politikarane var ikkje var villige til å løyve meir enn 2 000 kroner før Olav Godtland (Ap) tok ordet på vegne av AP og KrF.
– No er eg ein av dei eldste her i kveld, men eg synest Eldredagen er viktig. Å løyve 2 000 kroner synest eg er ganske småleg. Eg oppfordrar kommunestyret til å auke frå 2 000 til 5 000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter Godtland sitt framlegg blei det god stemning i salen og fleire av politikarane blei rive med. Framlegget til Godtland blei vedteke med 19 mot 2 røyster.