Åmdal/Tokke slo ut Seljord - Fyresdal vann i Vrådal

Så ersemifinale-laga i Vest-Telemark-cupen 1987 klare. Etter at Fyresdal og Åmdal/Tokke nytta pinsehelga til å slå ut høvesvis Vrådal og Seljord, slår dei lag med Kviteseid og Treungen til semifinalen.

Åmdal/Tokke hadde Seljord som gjester heime på Verket og vann 2-0 - utan å overtyde. Berre i periodar var det spel som gledde dei mange frammøtte i griseveret. Heimelaget stilte utan Dag Døli og Frank Brubakk, medan Seljord kom utan Torbjørn Moen, Gunnar Mæland og Kjetil Fless.

Artikkelen held fram under annonsen.

(…)

Som så ofte før. Seljord fekk ikkje utteljing. Svein Moens gode skot råka utsida av stolpen, og Bent Sveinssons langskot midt i stolpen og Tom T. fekk handa på returen. Åmdal/Tokke nøyde seg stort sett med kontringar. Steinar Øygarden var den som skapte mest - men berre ved eitt høve måtte Asle Langkås ut i full lengde. Thore Andreassen dømde jamt bra, men indirekte frispark for Tom Taraldliens felling på 16-meterhjørnet av Svein Moen var opplagt for mildt.

«Trong» siger for Fyresdal

Vrådal heldt Fyresdal 1-1 ved halvtid i cupoppgjeret på den tronge Vrådal-banen pinseeftan. Fyresdal låg noko over i banespel, men Vrådal slo til med raske kontringar. I andre omgang satsa Fyresdal meir tolmodig, kom seg ut på kantane og slo inn. Det gav to utteljingar og sikker, men noko «trong» siger i cupen. Frode Rydland, 2, og Jan Skeimo skora for Fyresdal. Hans Kristiansen netta for heimelaget. 

---

Alle VTB-abonnentar har fri tilgang til heile VTB-arkivet frå 1973 og fram til i dag. Alt du treng å gjere er å registere deg når du klikkar deg inn på ei sak eller ei utgåve. Ikkje abonnent? Her kan du bli det! Kr 149/mnd for både papiravis i posten og nettilgang. 

Det er også mogleg å kjøpe dagspass for å få tilgang til alt innhaldet på vtb.no.