Enormt steinras frå St.Olavs skip
Tømmer for hundretusenvis kroner gjekk tapt då eit enormt ras gjekk frå «sokkelen» av St.Olavs Skip og ut i Bandak torsdag morgon ved 9.15-tida. Rasområdet er 800-1000 meter i lengde og mellom 60 og 100 m breidt. Dagen før var folk frå tømmersalslaget og vegkontoret på synfaring i området, men til all lukke det ikkje folk i den bratte lia eller på vatnet då raset gjekk. Erling Haugen frå Tveitgrend heldt på med skogsarbeid omlag 500 m unna då kjemperaset gjekk. Han hadde motorsaga på og øyreklokker og høyrde ingenting til raset, men oppdaga brått at traktoren like ved vart mest borte i ei mørk sky. —Eg trudde mest det var solformørking før det gjekk opp for meg at det hadde gått eit svært ras, fortel Erling og legg til at Bandak sto i kok midtfjords i minuttane etter raset.
Steinskredet gjekk på eigedomen Donstad, og eigaren Inge Utbøen lir eit monaleg tap. Skog for mange kroner vart knust til pinneved under steinmassene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les meir iVTB frå laurdag 13. juni 1987 i arkivet her.
Alle VTB-abonnentar har fri tilgang til heile VTB-arkivet frå 1973 og fram til i dag. Alt du treng å gjere er å registere deg når du klikkar deg inn på ei sak eller ei utgåve. Ikkje abonnent? Her kan du bli det! Kr 149/mnd for både papiravis i posten og nettilgang.
Det er også mogleg å kjøpe dagspass for å få tilgang til alt innhaldet på vtb.no.