Valprat i Kviteseid: Smørbrød, fotball og politikk
– Det er fort å skulde på politikarane. Dei får ein pott pengar som skal fordelast, og det er ikkje lett. Eg trur alle skulle ha vore ein periode inne i kommunestyret.
Det seier Signe Krossli. Ho står midt i matlaginga på kjøkkenet på grendehuset i Vrådal saman med tre andre vaksne damer – alle er over 70, ingen over 80.
Saman med Gerd Strand, Øydis Tveit og Anlaug Straand er ho med i den faste dugnadsgjengen som smørjer nister for alle ungane på fotballskulen. Over 600 brødskiver kvar dag, med smør og pålegg på. Eit travelt og trivelegt arbeid, og over bordet har dei tid til å prate, også med VTB om valet i Kviteseid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men me har ikkje greie på politikk, ler dei.
Unge familiar
Sjølv om dei meiner dei ikkje kan så mykje om politikk, stemmer dei alle saman når det er val. Og valet til hausten trur dei blir spannande, med nye toppkandidatar på vallistene.
– Ja, for no gjev vel ordføraren seg, seier Krossli, medan dei andre nikkar.
– Eg har litt tru på han Gjelstaden. Eg trur han kan ha nokre nye tankar, seier Anlaug og tek tak i pålegget. Nistene må vera ferdige til tolv.
Damene er samde om at det viktigaste politikarane kan arbeide med er å få fleire innbyggjarar i Kviteseid. Kommunen har ikkje vore flink til å lokke til seg nye, meiner dei.
– Me ynskjer oss mange unge familiar til bygdene. Då må det vera arbeid her, for ein kan ikkje pendle all verden, seier Signe.
For at nye barnefamiliar skal koma til kommunen er det skule og barnehage politikarane bør satse på, meiner dei. Og så bør bu- og driveplikta oppretthaldast og brukast, og ikkje minst, folk må behandlast likt innanfor buplikta. Ungdom må få ein sjanse til å utdanne seg ferdig i kommunen, er dei samde om.
– Det er mange av dei unge som helst vil bu her. Men det er vanskeleg å finne bustad og ikkje minst lærlingplassar. Det må kommunen ta tak i, skyt Anlaug inn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gang- og sykkelveg
Dugnadsgjengen har vore med og smurt nister for fotballspelarane i mange år. Nokon i 10-15 år, og nokon i over 20. Lokalsamfunnet er viktig for dei, og i Vrådal er ny gang- og sykkelveg mellom sentrum og Straumsnes eit etterlengta tiltak.
– Eg hugsar me hadde foreldremøte om dette på 60-talet. Då var det mange ungar langs vegen. Då byrja me å søke om ny gang- og sykkelveg, men den har ikkje kome enno, fortel Signe.
– Den kjem vel fyrst når alle ungane blir køyrd på skulen, ler Øydis, medan ho smørjer nok ei brødskive.
Har det for godt
Praten går lett over bordet, og haugen med påsmurte brødskiver blir stadig større. Men kva som skal til for å få dei yngre til stemmelokalet er ikkje lett å finne fasitsvaret på.
– Me har fått det for godt. Men samstundes, unge i dag der begge er i jobb, har det frykteleg travelt, seier Signe.
– Men ein treng ikkje vore med på alt heile tida, heller, skyt dei andre inn.
Stemmeretten skal dei bruke til hausten også, og eit kommuneval er annleis enn eit stortingsval.
– Eg ser på listene. Det blir noko heilt anna ved eit kommuneval. Det blir meir på person, konstaterer Signe.
Artikkelen held fram under annonsen.