Torje Aasan er fornøgd med å eige det godt over 750 år gamle Ståleburet, eller Åsheimloftet.

Nå er det klart kor gamalt loftet til Torje er. – Det er jo utruleg at det er så gamalt

– Me venta at det var frå før svartedauden, så me kan i alle fall fastslå at den hypotesen heldt, seier Frida Aakervik Berg frå Team Kulturarv Telemark.

Publisert Sist oppdatert

I mai i fjor blei det tatt prøver av Åsheimloftet i Seljord. Rapporten frå NTNU gav inga eksakt datering av kva tid tømmeret til sjølve tømmerkassa er felt, men den viser at tømmeret er felt på 1200-talet.

– Når ein ser på resultatet, må me anta at buret er sett opp i 1262 eller dei første åra etter det, seier Berg.

– Det me veit sikkert er at underbunaden er sett opp i 1791. På den tida var det også vanleg å løfte bura opp frå bakken.

Forsiktig med prøver

Det finnast mange gamle bygningar i Vest-Telemark, men dei færraste er blitt datert med dendrokronologisk analyse, altså at ein studerer årringane i treverket. Loftet på Åsheim var typologisk datert til før 1350 og svartedauden av bygningshistorikar Arne Berg, som gjorde eit stort arbeid for å dokumentere og datere mellomalderbygningar.

– Det er sjeldan at me går inn og tar prøver for datering av loft som alt er typologisk datert fordi det krev at ein gjer inngrep i konstruksjonen, men å datere nokre få av desse hjelper på å auke kunnskapen om desse unike bygga, fortel Berg.

Glad for ikkje å stå øvst på lista

Sjølv om Åsheimloftet, eller Ståleburet som det også blir kalla, er frå før svartedauden, er det likevel ikkje blant dei ti eldste i Vest-Telemark, og heller ikkje det eldste i Seljord. Både Vindsvål  (1171) og Nordigard Øverland (1213–1229) er eldre. Stålekleivburet som står ved Vest-Telemark museum er det eldste registrerte i landet, og er tidsett til etter 1163.

Eigar av Åsheim, Torje Aasan, seier seg fornøgd med ikkje å stå øvst på noko liste.

– Det er jo utruleg at det er så gamalt, seier Aasan om stasloftet han eig.

– Korleis er det å ha ansvaret for noko som er så gamalt?

– Riksantikvaren passar jo på meg då, ler Aasan.

– Eg har ikkje lov å gjere noko med det, men det er moro å ha noko så gamalt, og som er såpass i orden som det er blitt.

Åsheimloftet stod ferdig restaurert i 2008. Aasan fortel at arbeidet med restaureringa heldt på i mange år, og at det mellom anna var ein russar som stod for å lage treverket til svalgangen.

– Han var visst spesialist på den skanteteknikken dei brukte for å få det til å sjå ut som det gjer.

Restaureringa var først og fremst svalgangen, vinsjeborda og taket.

– Viss du ser, kan du sjå at taket er dekt av bjørkenever, seier han og peikar opp på det grasdekte taket der bjørkenever stikk ut mellom gras og vindskibord.

Folk på Åsheim før loftet blei restaurert. (Ukjent dato)
Robin Lysdal og Bjørn Egil Nordgarden er godt i gang med å bygge formidlingsbygget for museet. Metodane har dei funne fram til gjennom å studere Stålekleivloftet.

Inne i loftet viser Aasan fram fotografi av korleis buret såg ut før restaureringa. Der er det ingen svalgang. Han veit ikkje når svalgangen blei rive, men Arne Berg skriv at det har vore gjort eit arbeid på loftet i 1968–69 og at det truleg var då svalgangen blei riven. Denne blei sett opp att under restaureringa som var ferdig i 2008.

Dendrokronologi

Dendrokronologi er ein vitskapeleg metode der ein analyserer alder på trevirket ved å studere årringane. Ein kan mellom anna sjå kva slags klimaforhold det har vore under vekstperiodane. Etter kvart som treet blir eldre blir årringane mindre, fordi det veks langsamare.

Mange bur er blitt typologisk analysert, altså at ein ser på utforming og teknikkar, og her har bygdehistorikar Arne Berg gjort eit stort registreringsarbeid, og gjengjeve det i «Norske tømmerhus frå mellomalderen». Åsheimloftet er å finne i band 3, Austre Telemark hus for hus.

Kjelde: Frida Aakervik Berg

Gamal gard

Ifølgje Tov Flatin, som har skrive Seljordsoga, er Åsheim ein veldig gamalt gard. Han trur at den kan vere rydda så tidleg som rundt Kristi fødsel. Han viser til at -heimr på gardsnamn gjekk ut av bruk lenge før vikingtida og svartedauden (ca. 1346-1353). Ifølgje stadsnamnsleksikonet.no, var -heimr ute av bruk alt då vikingtida byrja, og dei aller fleste namn av denne typen må høyre til eldre tid.

Kjelder:

Tov Flatin: Seljordsoga band 2

Arne Berg: «Norske tømmerhus frå mellomalderen» band 3



Powered by Labrador CMS