«Folk og Fant» blir synt sundag

Teaterpremiere i Vråliosen:

Sundag skal amatørteatergruppa i Vråliosen ha premiere på spelstykket «Folk og Fant», av Jostein Naadland. Me stakk innom øvinga på grendehuset i Vråliosen laurdag, og la det vere sagt med ein gong, det er lenge sidan bladfyken har ledd så godt som under enkelte av aktene i Folk og Fant. Hovudpersonane i skodespelet er 2 brør som bur på ein gard, og som er dugeleg giftegalne. Tenestjenta på garden har ikkje fått løn på lenge, dette på grunn av at begge har von om å bli gift med ho. Ein dag kjem ein rekande fant innom, og ein av brørne gjev han jobb. Fanten naskar og stel, men får likevel vera på garden. Ein dag finn ein av brørne ei lysing i avisa, der ei jente søker betjentskap med ein gardsgut. Så byrjar forviklingane. Jenta kjem til gards, utkledd som ei skikkeleg bydame med eplenikkers, kikkert, fotoapparat, og ikkje minst kjem ho i bil. Ho gjev fort til kjenne at ho vil gifte seg, og så oppstår forviklingane om med kven av brørne ho skal inngå ekteskap med. 

Les heile saka