
Nå kjem dei med ny musikk att. Høyr låta og sjå musikkvideoen her
Tre år har gått sidan E-76 gav ut Villmann. Nå er bandet igjen klare for å lansere ny musikk.
– Det er viktig å vise at me er i live!
Det seier Nils Ole Lien. Dei fem andre i bandet gliser godt. Sjølv om det er 90-talsslagerane folk forventar når dei kjem på konsert, har dei kreativitet til også å lage ny musikk.
I dag, laurdag, er songen «To kråkur» ute. Edvin Loftsgarden har skrive om dei to kråkene som kjedar seg – og laga ei historie om desse.
– Nei, det byrja med at eg såg to kråker på ein tråd … Det blei ei tekstline, og så balla det på seg, forklarar Loftsgarden – som avviser at det har noko som helst med dei 24 kråkene Odd Nordstoga song om for ei tid tilbake.
Det har blitt ei historie om kråkene som reiser vekk og finn seg nye makkarar. Her skal vera både moral og den skal vera «i tida» – i tillegg til å skape feel good-stemning.
«To kråkur» er den fyrste av totalt tre låtar bandet slepper i løpet av våren.
I tillegg til ny låt lanserer E-76 også musikkvideo – som gitarist Kristian Sundsvalen står bak. Det har bandet også gjort før, sjølv om skodespelet som Georg Hagen (med Kari «Banjo-Kari» Svendsen i ei birolle) stod i bresjen for i «Byturen» på 90-talet er tona ned i nyare tid.
Populære blant dei unge
Starten på året er den rolegaste tida for bandet som dei siste åra har mellom 20 og 25 spelejobbar i året. Det fyrste oppdraget i 2025 er på Rauland. I starten av april møtest nemleg ungdomsskuleelevar frå heile Vest-Telemark her. Dei seks bandmedlemmene synest det er stas at dei er så populære også blant dei unge.
Men korleis kan det ha seg at bygdefenomenet E-76 som spelar musikken dei laga for 30 og 40 år sidan fenger dei som er yngst i tenåra?
– Det har nok mykje med tekstane å gjera, og nærleiken til eit miljø dei bur i sjølv, seier Nils Ole.
– Det er veldig stas! legg han til om at også dei unge høyrer på.
Oddmund vil ikkje heilt samanlikne seg med Hellbillies som er «ein heilt annan divisjon», men ...
– Det er noko av det same. Folk kjenner seg att.
Trivst i lag
Dei trivst på tur i lag. I ein gamal Chevrolet så fartar dei by og bygdelangs.
– Sosialt så har me det veldig triveleg i lag.
– Og så har dei andre ein veldig omsorg for meg og gjev meg einerom når me er ute og reiser, seier Nils Ole.
– Einaste han treng å gjera er å bera gitaren, kommenter Oddmund.
Dei andre humrar med. Dei let seg ikkje freiste av eit travelt turnéliv. Om dei hadde villa det, kunne dei reist lenger. Det kjem mange førespurnader. Og av og til hoppar dei på nokon av tilboda. Som på spelejobben på Dyrøy i Troms. Dei blei «oppdaga» på Treungenfestivalen og invitert nordover. Her landa dei i ein varmeperiode regionen knapt hadde sett maken til. Det hadde ikkje regna på tre månader. Men – samstundes med oppspelet til Oddmund bak trommene opna himlens sluser seg. Det blei utedans i ausande regnvêr.
Etter det har dei ikkje blitt invitert til Dyrøy ...
Atterhald
– Kor langt fram ser de?
– Eg får stadig oftare tilbakemeldinga «viss eg liver og he helsa» frå dei andre når eg spør om det passar med spelejobb litt fram i tid, humrar bookingansvarleg Bjørn Edmund Fosstveit.
– Me tek eitt år om gongen, legg Nils Ole til.
Dei blir invitert til dei same spelejobbane om att og om att. Morgedal 2. joledag, Pizzafjoset i Bø i påska og Countryfestivalen i Seljord ved midnatt når fredag blir til laurdag har blitt ein tradisjon. Det er dei takksame for, for dei ser at verda har endra seg.
– Det er på langt nær like mange pubar som det var på 90-talet, seier Nils Ole.
– Me er fornøgde med det me får, legg han til.
Toppen av tretoppane
Det er mest spelejobbar og mindre øving, men nå har dei sett av ei helg i studioet til Oddbjørn Aase i Flatdal.
Det blir neppe fleire plater. Det siste albumet, Cowboyland, kom i 2014. I dag er det strøyming det går i.
– 1 million strøymingar gjev 30 000 kroner, fortel Fosstveit.
– 30 000? Kronur? På ein million? Oddmund er lite imponert over reknestykket.
Dei kyter mykje av kvarandre. Både med og utan glimt i auga. Den yngste, Kristian Sundsvalen, får merkelappen «i toppen av tretoppane» av Oddmund.
– Den siste låta, det er ikkje mykje å setje fingeren på slik musikalsk, kommenterer Edvin.
– Til og med Oddmund …
Dei andre ler. Oddmund sjølv tek ordet.
– Eg, Nils Ole og Edvin er gørrheldige som har med oss Bjørn Edmund, Oddbjørn og Kristian. Det må me berre seie. Det hadde ikkje vore det same om me var ein trio, meiner trommeslagaren.
– Men me skulle fenge fræs i det då au!